Bli med og hald hjula i gang i Skjåk -- vi treng ein løysingsorientert VA-operatør til teknisk drift.
Skjåk kommune søkjer ein engasjert og praktisk orientert VA-operatør til teknisk drift. Vi ser etter deg som vil vere med og sikre trygg og stabil drift av kommunen sine vatn- og avløpsanlegg, og som trivst med varierte arbeidsoppgåver ute i felt.
Stillinga ligg til teknisk eining, og du vil få ein viktig rolle i drift, vedlikehald og oppfølging av kommunen sine VA-anlegg. Du blir òg ein del av 5-delt teknisk vaktordning.
drift, tilsyn og vedlikehald av vatn- og avløpsanlegg.
oppfølging av leidningsnett, pumpestasjonar og tekniske installasjonar.
feilsøking og utbetring ved driftsstans og avvik.
prøvetaking, kontroll og dokumentasjon.
deltaking i planlagde og akutte oppgåver innan teknisk drift.
deltaking i 5-delt teknisk vaktordning.
Fagbrev innan relevante fagområde, til dømes røyrleggjarfaget, anleggsfag, elektrofag eller mekaniske fag.
Relevant praksis kan kompensere for formell utdanning.
Erfaring frå drift og vedlikehald er ein fordel.
Førarkort klasse B, gjerne også BE eller andre relevante klassar.
Gode datakunnskapar.
Vi ser etter deg som er ansvarsmedviten, løysingsorientert og sjølvstendig. Du må kunne samarbeide godt med andre, vere fleksibel i ein variert arbeidskvardag og trivast med praktisk arbeid ute under ulike forhold. Det er viktig at du er påliteleg og kan handtere ansvar som følgjer med deltaking i vaktordning.
ein variert og viktig jobb i ein kommune med stort samfunnsansvar.
godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer.
opplæring og moglegheit for fagleg utvikling.
løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
gode pensjons- og forsikringsordningar.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lov- og avtaleverk. Den som blir tilsett må rekne med å delta i 5-delt teknisk vaktordning.
Spørsmål om stillinga kan rettast teknisk sjef Bernt Dahl på telefon 45313301
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.
Les meir om bygda og barnehagane våre på: Skjåk kommune
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.
Meir informasjon om å livet i bygda finn du på nettstaden www.skjak.no.
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?
Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.