Pleie og Omsorg i Sveio kommune omfattar:
Våre tilsette skal avvikle sommarferie, og difor treng me deg for å kunne gje gode tenester gjennom sommaren. Fyller du 18 år før 1. juni 2026 kan du søkje.
Me er spesielt interessert i deg med helsefagleg bakgrunn, men også deg som er under utdanning. For helsepersonell kreves norsk autorisasjon. Andre med interesse for fagområdet er også velkommen til å søke.
Ferievikar perioden er frå 15. juni til 10. august og du binder deg til å jobbe saman hengande i minst 4-6 veker i 100 % stilling i denne perioden. Som ferievikar må du regne med å jobbe i turnus med vakter dag, kveld, natt og anna kvar helg. I enkelte stillingar kreves det ordinært førerkort for bil (klasse B). Vikarer innan helse og omsorg må levere tilfredsstillende politiattest som ikkje er eldre enn tre måneder.
#sommarjobb #sommarjobbivest #sommerjobbivest
Dine arbeidsoppgåver vil vere å hjelpe pasientane og brukarar med daglege gjeremål. Det kan være å tilrettelegge måltider, hjelp i stell og delta i miljøretta aktivitetar. Våre tilsette har eit fagleg fokus for å ivareta pasientane på best mogleg måte. Du jobbar saman med anna personell som sjukepleiar, fagarbeidarar og assistentar.
Kjøkkendrift produserer næringsrik og velsmakende mat til beboerne på kommunens omsorgssenter og til heimebuande.
Skriv i søknaden om du har ein arbeidsstad du føretrekke å jobba i. Me prøve å ta omsyn til ønsket ditt. Tilbodet kan komme frå ei anna eining. Gi opplysninger om når du ønsker å arbeide, og om du har mulighet for å ta ekstra vakter før eller etter ferieperioden. Vi godtar kun elektroniske søknader.
Du får mer informasjon om stillingane som ferievikar hvis du tar kontakt direkte med den enkelte eining som du ønsker å arbeide ved.
Søknadsfristen er 22.mai, men tilsetting skjer fortløpande
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.