Fjord1 har no ledig opplæringsstilling som dagmann i sambandet Hatvik-Venjaneset, p.t. MF Årdal.
I denne stillinga har kandidatar utan kvalifikasjoner mogelegheit til å komme inn i eit opplæringsprogram på vegen mot å bli matros. Har du lite eller ingen erfaring, vil du kunne starte som dagmann og vidare bli lettmatros. Dette er ein fysisk krevande stilling, så ein må like å vere i aktivitet.
Skiftordning er dagvakter med 2 veker jobb og 2 veker fri i sommerhalvåret, og 1 veke på og 1 veker fri i vinterhalvåret, dette kan avtalast nærmare. Totalt 71 timar per arbeidsveke.
Stillinga er eit vikariat på seks månader, med gode moglegheiter for fast tilsetjing.
Som dagmann vil ein ikkje bu om bord. Det vil derfor vere ein fordel å bu lokalt.
Oppstart etter avtale. Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.
Rederiet dekker kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Vi søker en dyktig og serviceinnstilt dagmann som trives med varierte arbeidsoppgåver og har fokus på sikkerheit, samarbeid og god passasjerhandtering. Du må kunne jobbe sjølvstendig og bidra til eit godt arbeidsmiljø om bord.
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeidar , 47995295, marit.kjetland@fjord1.no
Hatvikvegen 5200
5211 Os
Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5121337459
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 18.05.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.