Me har nå 2 ledige faste sjukepleiarstillingar ved Etne og Vindafjord interkommunale legevakt. Stillinganene er 20%, med arbeid kvar 3. helg, og nokon bevegelige heilagdagar. Ekstravakter vil også vera mogleg. Er du klar for å ta del i eit team der du er heilt avgjerande for tryggleiken og helsa til innbyggarane våre - akkurat når dei treng det mest? Me søker deg som ønsker å kombinera faglege utfordringar med ei stilling som gir meining, meistring og moglegheiter.
Når folk opplever noko akutt og uventa, er det ofte oss dei møter først. Di evne til å handle raskt, kommunisere klart og vise omsorg – kan vera avgjerande for korleis pasientar og pårørande opplever krisa dei står i. Hjå oss får du bruka både hovudet og hjartet – og kvar vakt utgjer ein skilnad.
Du vil jobbe i eit engasjert team med både legar og sjukepleiarar der samspel og tillit er grunnlaget for kvardagen. Her får du høve til å utvikla deg vidare innan akuttmedisin og legevaktsarbeid, med støtte og opplæring tilpassa deg og din erfaring. Me er stolte av arbeidsmiljøet vårt – det er prega av fagleg tyngde, rausheit og humor. Det er stor variasjon i arbeidsdagane, noko som krev sjølvstende, raske vurderingar og evne til å halde roen – men også gir mykje tilbake i form av læring og fagleg vekst.
Etne og Vindafjord legevakt er ei interkommunal legevaktordning med base i Vindafjord beredskapssenter, samlokalisert med Ølen legekontor – i nye, moderne og godt utstyrte lokale. Me er totalt 18 fastlegar og 6 sjukepleiarar i turnus.
Du blir ein viktig del av teamet på vakt. Du vil vurdere pasientar, prioritere etter alvorlegheitsgrad, samarbeide tett med lege og legevaktsentral, og vera med på å sikre at pasientar får rett hjelp til rett tid.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk herVindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.