Bergetippen barnehage har ledig faste stillingar som barn og ungdomsarbeidar.
Bergetippen barnehage ligg i Julsundet på fastlandet i Aukra. Det tek omlag 20 minutt frå Molde sentrum til barnehagen. Barnehagen har 7 avdelingar.
Vi legg vekt på å ha eit godt og solid fagmiljø med kompetente medarbeidarar. Barnehagen har kokk i 100 % stilling og er matpakkefri. Kokken lagar god og næringsrik mat til alle måltid.
Våre medarbeidarar har god kjennskap til Trygghetssirkelen og tilknytingsteori. Vi vil ha autoritative vaksne som bygger gode, varme relasjonar med barn samtidig som ein sett grenser og stiller krav. Vi vektlegg Ingrid Lund sin trapp med fokus på haldningar, kunnskap og handlingar i arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande fellesskap for barn og tilsette.
I barnehagen let vi oss også inspirere av Reggio Emilia- filosofien sitt syn på barn og læring. Den pedagogiske tanken er å la barna sine idear, interesser, tankar og nysgjerrigheit vise veg for læring.
Anna
Aukra kommune ligg innanfor sone 5 i ny ordning for sletting av studielån.
Oppstart
Etter nærare avtale og helst innan 15. August i 2026
Særskilte krav
Det er krav om politiattest før tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling" på kommunen sine heimesider.
Søknadsfrist: 14.juni 2026
Kontaktperson
Ved spørsmål ta kontakt med styrar Synnøve Rishaug, tlf. 90571168, synnove.rishaug@aukra.kommune.no
Link til søknadsskjema:
Søk herBergetippen barnehage ligg i Julsundet, på fastlandet i Aukra kommune. 15 min køyretur frå Molde. Barnehagen har 5 avdelingar for barn i alderen 1 - 6 år. Vi tilbyr eit godt fagmiljø med 50% barnehagelærarar. Vi har fokus på gode relasjonar og tilknyting. Vi er opptatt av utvikling og kvalitet i det pedagogiske arbeidet. Vi lar oss inspirere av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring. Vi har eit flott uteområde og nærmiljø som gir høve spanande og lærerike opplevingar. Følg oss på Instagram: bergetipptopp