Forskingsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus, har no ei ledig stilling som medforskar/erfaringskonsulent knytt til forskingsprosjektet KIT. Samla stillingsperiode er 3 år.
Om KIT-studien
KIT – The Key to Integrated Trauma treatment in psychosis (nøkkelen til Integrert Traumebehandling ved psykose) er ei behandlingsstudie som undersøker effekten av traumebehandling som eit tillegg til standard behandling. I studien får menneske som har psykose og er plaga av tidlegare traume (slik som barndomstraume, mobbing, traume knytt til psykoseopplevingar og helsehjelp) evidensbasert behandling for traume og blir kartlagd over tid for å undersøke om behandlinga har ønskt effekt også innan psykose.
Prosjektet har fått pengar frå Helse Vest, Helse Nord og DAM-stiftelsen og skal samle data i Bergen, Oslo, Stavanger, Haugesund, Voss, Tromsø, Helgeland og Trondheim. I tillegg er det planlagt ein kvalitativ undersøking av korleis pasientar og terapeutar opplever behandlinga. Du vil som medforskar/erfaringskonsulent inngå i nasjonalt forskingsmiljø med fokus på å få fram god behandling og pasientanes perspektiv. Her vil du kunne få ein viktig rolle. Du vil også kunne få en sentral rolle knytta til desse intervjua.
Erfaringskonsulenten skal bidra inn mot:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Else-Marie Løberg, Prosjektleiar KIT, Fag- og forskingssjef, 98094420, Else.marie.loeberg@helse-bergen.no
Trude Merete Ramberg, Avdelingssjef, 55958449, trude.merete.ramberg@helse-bergen.no
Anne Alnes Blindheim, Rådgivar, leiar av PEK, 55958400, anne.alnes.blindheim@helse-bergen.no
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5120188526
Stillingsprosent: 20%
Engasjement
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 27.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.