Ønsker du ein fleksibel jobb, der du får skape glede og meistring hjå barn i utandørsaktivitetar året rundt?
Vi har ledig en vikarstilling som instruktør i 80% ved Brennabu leirskule, med oppstart august 2026.
Dette er ein instruktør/ assistentstilling, difor er det ikkje krav om lærarutdanning i stillinga. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, spesielt evne til å oppnå gode relasjonar.
Brennabu leirskule tek i mot over 4000 elevar i grunnskulen gjennom heile skuleåret. Elevane er hos oss i ei veke frå måndag til fredag og får vere med på varierte friluftslivsaktivitetar.
Brennabu ligg på Vaset i vakre Valdres, like ved Jotunheimen. Her ligg alt til rette for eit aktivt friluftsliv gjennom alle årstider .
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no
Arbeidsoppgåver vil vere å leie barn og unge i ulike leirskuleaktivitetar sommar og vinter:
Vi ønsker at du:
Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Vi ønsker at du :
Jon Terje Rying, Rektor Brennabu, +47 91863886
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5143366210
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 22.06.2026
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.