Stillinga er eit vikariat med varigheit på 12 månader frå 01.09.2026, med ein fleksibel turnus med to veker på (ei veke dag og ei veke natt) og to veker av. Dette er ei god moglegheit til å byggje verdifull erfaring. Søkjar må bu lokalt.
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis.
Arbeid om bord gir bred erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Vi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518
6680 Halsa
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5141321782
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 01.09.2027
Søknadsfrist: 19.06.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.