💙 Har du ro i kroppen når det står på som mest? Då kan dette vere jobben for deg.
Ved Akuttpsykiatrisk post ved Haugesund sjukehus møter du menneske i akutt psykisk krise. Her treng vi sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar som klarer å vere rolege, tydelege og varme – også når situasjonen er krevjande.
Vi ser etter deg som trur på relasjonar som ein viktig del av behandlinga. Du forstår at eit blikk, ei pause eller det å vere til stades kan bety mykje. Og du ønskjer ein jobb der du kan gjere ein forskjell – også når resultatet ikkje viser med ein gong.
Hos oss får du kollegaer som står saman, lærer saman og støttar kvarandre gjennom krevjande situasjonar.
👉 Kanskje er dette deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
📅 Stillingane er i turnus med dag-, kveld- og nattarbeid.
Hos oss jobbar du tett på pasientar i akutt psykisk krise. Arbeidskvardagen handlar om å skape tryggleik, ro og struktur – saman med kollegaer som står støtt rundt kvarandre.
Her er det rom for å stille spørsmål, lære ofte, le litt – også på nattevakt – og vere menneske, ikkje berre fagperson.
Oppgåvene er i stor grad felles for sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar. Nokre oppgåver, som til dømes legemiddelhandtering, følger autorisasjon, kompetanse og gjeldande rutinar.
Vi ser etter deg som:
✨ har eit ekstra gir når ting blir uoversiktlege
✨ klarer å vere både tydeleg og varm på same tid
✨ forstår at eit blikk, ein pause eller ein kopp kaffi kan vere like viktig som ein tiltaksplan
✨ ikkje blir skremd av sterke kjensler, men møter dei med ro
✨ liker å jobbe i team, men står trygt i deg sjølv
Du treng ikkje vere «ferdig utlært i livet». Men du bør vere nysgjerrig på menneske – også når dei er på sitt mest sårbare.
Hos oss får du:
💙 Hos oss får du ein jobb der du betyr noko for menneske som treng deg. Du blir ein del av eit fagmiljø der vi står saman, lærer av kvarandre og veit kor viktig det er å ta vare på både pasientane og kvarandre.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi er glade for at du tok deg tid til å lese annonsen, og vi håpar å høyre frå deg.
Rebekka Gregor, Funksjonsleiar Akuttpsykiatrisk post, +47 41863999, rebekka.gregor@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5122127852
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.06.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.