Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gir nye og spennande moglegheiter for framtida.
BUK har 68 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab.
I 2025 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 32 000 polikliniske konsultasjonar.
Vi søker etter ein til to barnelegar i 100% vikariat inntil 12 månader med oppstart 1 september, med moglegheit for forlenging. Vi søker etter barnelege med erfaring og kompetanse innan kreft og blodsjudommer. Vi treng ein overlege som saman med dei øvrige legane ved seksjonen og heile det tverrfaglege teamet skal bidra til at Barne- og ungdomsklinikken i Bergen tilbyr barn og unge diagnostikk og behandling av internasjonal standard.
Seksjonen har i dag 6 overlegestillingar. BUK har regionsfunksjonen for utdanning og behandling av onkologiske og hematologiske pasientar til 18 år.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ninnie Helen Bakken Oehme, Seksjonsleiar, 90540556
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5142808306
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 17.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.