Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Stårheim-Isane, p.t. MF Selje.
Skiftordning: Døgnskift - 2 veker på, og 1 veke av/2 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
Hos oss får du jobbe med kjekke og dyktige kollegaer i ei bedrift med gode karrieremoglegheiter.
Søkar må bu lokalt.
Fjord1 dekker kurs i krise- og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, jonas.hovland@fjord1.no
6777 Stad
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5142586621
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.