Bore skule søkjer etter dei beste medarbeidarane til våre elevar; er du ein av dei?
Ønskjer du å gjer ein forskjell? Er du fagleg dyktig, engasjert, raus, omsorgsfull og oppteken av skuleutvikling? Er svaret JA, søk stilling som avdelingsleiar på Bore skule. Som avdelingsleiar vil du ha ei sentral rolle i å drive og vidareutvikle Bore skule i samarbeid med flotte tilsette.
Bore skule ligg i Klepp kommune. Skulen ligg i eit flott område med nærleik til vatn, elv og strand. Skulen har alle fasilitetar på plassen, og deler nokre av desse med ungdomsskulen som ligg like ved. Her har me stor flott skulegard, basseng, idrettshall, aula og kantinelokale for å nemne noko. Både skule og SFO er aktive i å ta i bruk nærmiljøet.
Skulen har kring 380 elevar fordelt på 1.-7. trinn, og ein stor og flott SFO. Tilsette arbeider tett i eit utviklande fagmiljø. Eit godt læringsmiljø og eit godt arbeidsmiljø står i fokus, og blir arbeidd med kontinuerleg.
Utviklingsområda til Bore skule er inneverande skuleår Oracy og PALS.
Administrasjonen består av rektor, to avdelingsleiarar, SFO- leiar og skulekonsulent. Saman har administrasjonen ansvar for å fordele personal og pedagogisk ansvar på dei ulike trinna. Fordelinga av ansvarsområder og oppgåver vil bli tilpassa den kompetansen og erfaringa nytilsett avdelingsleiar bringer inn i teamet. Stillinga som avdelingsleiar er ei delt stilling mellom leiing i 75 % og undervisning eller andre funksjonar i 25%.
Les meir om Bore skule her .
Oppstart 1.8.2026, eller etter avtale.
Som avdelingsleiar vil du ha det daglege ansvaret for ulike oppgåver og ansvarsområde
Bore skule søkjer ein leiar med solid fagleg og pedagogisk kompetanse, og med evne til å skape utvikling og retning.
Me ser etter ein avdelingsleiar som skaper engasjement, tryggleik og utvikling, både for elevar, føresette og medarbeidarar. Me vil ha ein avdelingsleiar som:
Line Hansen Eide, Assisterende rektor, 91189073
Verdalsvegen 31
4351 Kleppe
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5112314256
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.06.2026
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.