Kronstad DPS er eit vaksenpsykiatrisk lokalsjukehus for bydelane Årstad, Bergenhus og Ytrebygda. Vi har om lag 95 000 innbyggjarar over 18 år i området. Vi er lokalisert på Danmarksplass og er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk Helsevern ved Haukeland universitetssjukehus.
Kronstad psykose døgnbehandling er ein open døgnseksjon med 12 sengeplassar. Vi tilbyr behandling og utredning av kortare varigheit for pasientar over 18 år med psykoseliding. I seksjonen arbeider det psykiatrar, psykolog, legar i spesialisering, sosionom, miljøterapeutar og sjukepleiarar, vernepleiarar med og utan vidareutdanning. I seksjonen tilbyr vi mellom anna samtalar, kognitiv miljøterapi, psykoedukasjon/undervisning, medikamentell behandling, fysisk aktivitet og musikkterapi. Vi samarbeider tett med Psykosepoliklinikken ved Kronstad DPS som jobbar etter FACT-modellen og kommunehelsetenesta.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Hilde Steinli, Seksjonsleiar, 55956300, hilde.steinli@helse-bergen.no
Fjøsangerveien 36
5053 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5109645947
Stillingsprosent: 13,2%
Fast
Søknadsfrist: 13.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.