Seksjon for forureining har ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan tilsyn.
Seksjonen har 12 medarbeidarar, og vi arbeider med oppfølging av forureinande verksemder i Møre og Romsdal. Arbeidet er regulert gjennom lover, forskrifter og utsleppsløyve.
Hos oss får du faglege utfordringar og høve til utvikling i eit kompetent og tverrfagleg miljø med godt samarbeid. Du får òg høve til å bli kjend med ulike næringsaktørar, konsulentselskap, andre statlege etatar og kommunal forvaltning, som du vil ha dialog med innanfor dine saksområde
.Du vil i hovudsak arbeide med forureiningstilsyn innan bransjar vi regulerer, mellom anna akvakulturanlegg, avfallsanlegg, avløpsanlegg, fiskeforedlingsindustri, skipsverft og mineralsk industri i Møre og Romsdal.
Gjennom tilsyn skal du følgje opp at verksemdene overheld krava til utslepp til det ytre miljøet. Som hovudregel er vi to personar ute på tilsyn. Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere å
Verksemdene vi fører tilsyn med, er spreidde rundt om i heile Møre og Romsdal, og det vil difor vere reiseaktivitet i fylket.
Du må òg rekne med å arbeide med saksbehandling innan andre tema i seksjonen. Dette inneber arbeid med utsleppsløyve, rettleiing og bruk av relevante fagsystem.
Kvalifikasjonar
Du har
Det er ein fordel om du har
Vi legg særleg vekt på personlege eigenskapar. Du er
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (
https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)Utviklinga av organisasjonen vår er i kontinuerleg utvikling. Den som vert tilsett må difor vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (
https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Christian Dahl på telefon (Norge +47) 97008661.