UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat i natur- og miljøgeografi ved Institutt for geografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande arbeid som skal utførast ved instituttet.
Stillinga er knytt til forskargruppa i Natur- og miljøgeografi ved Institutt for geografi, og forsking med fokus på klima-, landskap- og miljøendringar, med hovudvekt på Norge. Vi søkjar ein kandidat med fagleg bakgrunn og interesse for anten isbrear og klima, havnivåendringar, geofarar, grotter, grunnvatn, plantesuksesjon, biodiversitet, naturskog, naturtap, arealbruksendringar, geografiske informasjonssystem (GIS) eller fjernmåling. Med denne stillinga ønskjer instituttet å styrke forsking og undervisning knytt til desse tema.
Kandidaten vil vere ein del av instituttet si forskargruppa i Natur- og miljøgeografi som forskar på alle Jorda sine ytre prosessar (biologiske og geologiske) inkludert tidlegare og pågåande klimaendringar, vassressursar, geofarar, og den aukande naturkrisa forskargruppa i Natur- og miljøgeografi. Karrierefremjande arbeid inkluderer mellom anna rettleiing av studentar i felt i Norge og ordinær undervisning i natur- og miljøgeografi, spesielt innan kartografi, GIS og fjernmåling.
Kandidaten skal levere ein ph.d.-plan innan tre månader etter oppstart.
Søkjarar må utarbeide eit prosjektforslag for eit prosjekt som skal resultere i ei doktoravhandling. Den tilsette kandidat vil bli tildelt ein rettleiar i forskargruppa for natur- og miljøgeografi. Det er ein fordel om prosjektet kan knytast til pågåande forsking ved instituttet.
Ved vurdering av søknadane blir det lagt vekt på den faglege kvaliteten og gjennomførbarheita i prosjektforslaget og søkjarens grunnleggjande faglege kvalifikasjonar. Det vil også bli lagt vekt på strategiske omsyn, motivasjon og dei personlege kvalifikasjonane til søkjaren.
Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.
Om stipendiatstillinga:
Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om ph.d.-utdanninga:
Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.
Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida.
Søknadsfrist: 15.06.2026.
Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar: Rannveig Øvrevik Skoglund: rannveig.skoglund@uib.no
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Christine Bresil: christine.bresil@uib.no.
Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til seniorrådgjevar: Elina Troscenko, elina.troscenko@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.