Seksjonsleiar
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store allmennpoliklinikkar, ein gruppepoliklinikk og ein eigen seksjon for angstbehandling (B4DT). Vi var først ute i området med å etablere ein ordning for tidleg avklaring av pasientar for å sikre rett tilbod til rett pasientar, og hos oss er det erfarne spesialistar som gjer denne jobben.
Tidleg Avklaringsteam har bestått av 4 spesialistar, inkludert ein psykiater. Vi skal no erstatte to av våre psykologspesialistar, då ein skal pensjonere seg, og ein ønsker å gå tilbake til poliklinikk.
Kvardagen i teamet består av å møte to pasientar der det er uklart kva tilbod dei skal til i eller utanfor spesialisthelseteneste, og om dei har føresetnad for å nyttiggjere seg behandling. Den som blir tilsett har som oppgåve å få klarleik i dette. Kvar dag er det også eit konsensusmøte, der alle i teamet går kort igjennom dagens pasientar og drøftar avgjerder. Øvrig tid går til journalskriving og å lese seg opp på komande pasientar.
Fleire i teamet bidrar inn i våre daglege inntaksmøte, og det vil kunne vere aktuelt for dei som får stilling.
Det har nyleg vore eit evalueringsarbeid av teamet, og av vår inntaksmodell, som har gitt gode indikasjonar på at teamet gjer godt arbeid, og utgjer ein viktig funksjon for Allmennaksen. Nokon endringar vil likevel kunne kome, då vi alltid er ute etter å forbetre oss.
Teamet er organisert under Allmennpoliklinikk 2, men teamets oppgåver er på vegne av alle poliklinikkane i vår allmennakse.
Stillingane er ledige frå august.
Du kan bli bede om å framlegge godkjende kopiar av vitnemål, autorisasjon og kursbevis.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helene Charlotte Sande Trønnes, Seksjonsleiar, 45615915, helene.charlotte.sande.tronnes@helse-bergen.no
Fjøsangerveien 36
5053 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5135726095
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.