Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank ved Lærdal sjukehus søkjer bioingeniør i 100% fast vaktgåande stilling. Oppstart etter avtale.
Vi søkjer deg som ønskjer fagleg interessante og varierte arbeidsoppgåver innan medisinsk bioikjemi og transfusjonsmedisin. Dette er ei spennande stilling med rullering i fagfelta hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi, PNA og transfusjonsmedisin samt tapping av blodgjevarar. Ein får nytte stor breidde av utdanninga og det er gode utviklingsmoglegheier.
Stillinga inngår i vaktturnus med aleinevakter kveld/natt og helg. Laboratoriet har døgnvakt med kompensasjon 1:1 og arbeid om lag kvar fjerde helg. Det er mogeleg å tilpasse turnus ved å samle fridagar til samanhengande friperiode. Vi planlegg turnus for eit halvt år om gongen. Det blir gitt grundig opplæring i alle fagfelt før ein startar i turnus.
Det blir gjeve støtte til bustad på kr 75 000.- . Dette utløyser bindingstid på 1 år.
Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for indre Sogn i Vestland Fylke. Lærdal ligg plassert i skjæringspunktet mellom aust og vest og har god kommunikasjon til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng sommar som vinter. Vinterstid finn ein preparerte skiløyper og alpinanlegg på Filefjell. Sjukehuset har personalhytte på Filefjell. Hemsedal ligg ein times køyring unna om ein ønskjer andre utfordringar, og studiestaden Sogndal med velkjent aktivt ski/friluftsmiljø er i grei pendleavstand. Det same gjeld dei andre nabokommunane Årdal, Aurland og Luster som alle har unike naturområder og fritidstilbod. Sommarstid er det flotte forhold for aktivitetar rundt Sognefjorden med båtliv, kano/kajakk, og bading med sauna som ligg i vannkanten.
Lærdal har varierte kulturelle tilbod som kor, korps, kino, aktivt turlag, idrettslag, treningsstudio og kafèar. Sommarstid blir det arrangert fleire festivalar både i Lærdal og i nærområdet. Lærdal har Jordeplerock og "Kom-heim festival", Årdal har Målrock, Sogndal har Fjørarock for å nemne noko.
I Lærdal kan du finne ein kombinasjonen av jobb og landsbyliv, og om du har familie vil nok kvardagane lettare «gå opp» samanlikna med større byar. Vi tilbyr nyoppussa leilegheiter til utleige.
Sjå videoen om det gode livet i Lærdal. Dette er Lærdal - This is Lærdal.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, (+47) 576 40 020
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5141835062
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.06.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.