Har du lyst på ein jobb der du kan bidra til å gjere kvardagen til eldre betre?
Ved Seimsdal sjukeheim søkjer me no to engasjerte og omgjengelege assistentar som ynskjer å jobbe med eldre på ein trygg, varm og inkluderande arbeidsplass. Me har ledig følgjande stillingar:
Som tilsett hjå oss vil du vere ein viktig del av kvardagen til pasientane. Arbeidet ditt er variert og meiningsfylt, og du får bidra til god omsorg og trivsel.
Døme på arbeidsoppgåver:
Me jobbar alltid med fokus på brukarmedverknad – det som er viktig for kvar enkelt pasient, er viktig for oss.
Du treng ikkje formell utdanning for å søke, men me legg stor vekt på personlege eigenskapar og motivasjon. Det er ein fordel om du har erfaring innan pleie og omsorgstenesta.
Hjå oss får du ein trygg og meiningsfull arbeidsplass med rom for utvikling og fagleg vekst.
Link til søknadsskjema:
Søk herNår du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.
På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.
Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Velkomen til oss i Årdal !