Stillinga inneber turnusarbeid dag/kveld og kvar 3. helg. Moglegheit for langvakter etter avtale.
Fitjar bu og behandlingssenter har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein avdeling for personar med demens sjukdom. Den ledige stillinga er i avdeling for personar med demens sjukdom.
Me har mange flotte medarbeidarar i eininga, og søkjer no etter sjukepleiar som kan jobba sjølvstendig og i team. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Er fagleg sterk
Er strukturert og pliktoppfyllande
Likar å ta ansvar og føl dette opp
Er stabil og påliteleg
Er kreativ og praktisk
God på å skape relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer
Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Har gode samarbeidsevne
Har evne til å ta imot og gje kollegaveiledning
Autorisert sjukepleiar
Vidareutdanning i demensomsorg eventuelt aldring og eldreomsorg kan være ønskeleg men ikkje eit krav
Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede
God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar
Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
God forsikrings- og pensjonsordning.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP
Opplæring og rettleiing.
Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk. Vitnemål og attestar takast med ved innkalling til eit evt. intervju.
Fitjar bu- og behandlingssenter er institusjonsdelen av pleie- og omsorgstenestene i Fitjar.
Institusjonen har 24 plassar, og tilbyr følgjande tenester:
Langtidsopphald
Korttidsopphald
Avlasting
Rehabilitering
Palliasjon
Det er 2 avdelingar/grupper på institusjonen
Gruppe 4 - Demensomsorg: 11 plassar
Gruppe 2 - Somatisk avdeling: 13 plassar (4 plassar er kortidsplassar og 9 er langtidsplassar)