Er du sjukepleiar? Sjå her!
I heimetenesta på sone aust treng me fleire dyktige kollegaer.
Me er ei dynamisk kollegagruppe i alle aldre, som ynskjer mangfold i avdelinga vår. Er du godt voksen, veldig ung, eller midt imellom er du hjarteleg velkomen hjå oss. Me ynskjer gjerne fleire menn ilag med vår ellers kvinnedominerte avdeling, og lovar kjekke og spanande utfordringar. Me har ledig 100% fast stilling i turnus for sjukepleiar.
Me tilbyr
Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling, stort fleksibilitet og høg kvalitet, som skal drive omsorgstenesta opp og fram ved hjelp av kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfagleg samarbeid. . Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.
Om arbeidsstaden
Sone aust er lokalisert på Vetleflaten omsorgssenter. Tillitsmodellen ligg til grunn for vårt pasientarbeid. Vetleflaten ligg ved Voss sentrum, der det er gode buss og tog forbindelsar. Her tilbyr me tenester til langtidsavdelingar og heimebaserte tenester. Det skjer mykje spanande utvikling på område aust, og personsentrert omsorg står høgt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb
Me søkjer deg som:
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema:
Søk her