Vil du vere med og gjere ein forskjell i kvardagen til barna?
Kleppe friluftsbarnehage har ledig ei 100 % fast stilling som pedagogisk leiar, med oppstart etter avtale, samt eit 100 % vikariat med oppstart 03.08.2026.
Kleppe friluftsbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg sentralt i Kleppe. Hos oss står friluftsliv, leik og gode relasjonar i sentrum. Vi jobbar målretta for at barna skal oppleve glede, meistring og nysgjerrigheit – både i møte med naturen og i samspel med kvarandre og dei vaksne.
Som friluftsbarnehage er vi mykje ute og nyttar naturen aktivt i det pedagogiske arbeidet. Vi går på turar, utforskar ulike naturmiljø og brukar naturmateriale i leiken. Vi legg til rette for at barna får erfaringar som styrkjer motorikk, samarbeid og sjølvstende. Friluftsaktivitetane våre gir barna rike moglegheiter til å vere utforskande, skapande og deltakande i eit inkluderande fellesskap der leik og samspel står i sentrum.
I kvardagen legg vi særleg vekt på leiken som barna sin viktigaste arena for utvikling og trivsel. Vi arbeider systematisk for å støtte gode relasjonar mellom barn og vaksne – og barna imellom. Vi tilpassar aktivitetar, rammer og samspel slik at kvart barn får tryggleik, rom for utforsking og høve til å vere seg sjølv i fellesskapet.
Vi har eit sterkt fagmiljø og jobbar kontinuerleg med å utvikle oss som ein lærande og reflekterande organisasjon. Marte Meo-metodikken er ein del av arbeidet vårt med å styrkje relasjonskompetansen og kvaliteten i samspela i kvardagen.
Vi oppmodar nyutdanna pedagogar til å søkje.
Hos oss får du god fagleg støtte frå dag éin, mellom anna gjennom profesjonsrettleiing, tett samarbeid med kollegaer og rom for fagleg utvikling. Du blir teken godt imot av engasjerte og varme medarbeidarar som er opptekne av leik, nærvær og gode relasjonar.
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i PDF-format saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vere NOKUT-godkjende (hkdir.no), og utanlandske attestar må vere omsette til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Vi gjer merksam på at dokumentasjon på mellom anna avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing i lønsansiennitet.
Cathrine Salte, Styrar, +47 93055166
Fredheimsvegen 18
4350 Kleppe
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5121314335
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 18.05.2026
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.