UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis eller universitetslektor (20 % ekstraerverv) i allmennmedisin i ca 2,5 år frå tilsetjing (tom 31.12.2028). Stillinga er finansiert av Bergen Kommune og knytt til fast relevant hovudstilling i primærhelsetenesta i Bergen kommune (fastlege eller fast tilsett lege), med moglegheit for fornying. Det må gå fram av søknaden kvar søkjar har hovudstilling.
Stillinga er plassert i Fagområde for allmennmedisin (FAM). FAM har 14 fast tilsette i tillegg til fleire bistillingar og stipendiatar. IGS er lokalisert i eit flott nybygg i Alrek helseklynge på Årstadvollen. Alrek helseklynge arbeider med forsking, innovasjon og undervisning retta mot kommunane, der tverrprofesjonelt samarbeid er ein viktig del. Bergen kommune er en klyngepartner. Den som tilsettast vil ha et spesielt ansvar for å fremje samarbeid med Bergen kommune relatert til forsking, undervisning og fagutvikling innan allmennmedisin, i samarbeid med andre tilsette i FAM.
Vi søkjer ein lege som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning med vekt på allmennmedisin gjennom det nye studieprogrammet Vestlandslegen (Legeutdanning i Noreg - Vestlandslegen som satsing ved UiB | Vestlandslegen | UiB).
Arbeidsstad er ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Alrek helseklynge. Den tilsette vil også delta på stabsmøter ved instituttet. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.
Kvalifiserte søkjarar må:
Det er ønskjeleg at søkjarar har:
Personlege eigenskapar og praktiske pedagogiske ferdigheiter blir lagt vekt på ved vurderinga.
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Søkjar må
Det er i tillegg ønskeleg at søkjar
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Deretter vil fakultetet invitere dei best kvalifiserte søkjarane til å sende inn vitskaplege arbeid.
Dersom du driv forsking legg du og ved:
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Deretter vil fakultetet invitere dei best kvalifiserte søkjarane til å sende inn vitskaplege arbeid.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: (tittel, namn, arbeidsstad og telefonnummer)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.