Ravnebjerget barnehage er ein av sjukehuset sine fire barnehagar, med om lag 72 barn i alderen 1–6 år. Barna er fordelte på fem avdelingar. Barnehagen skårar svært godt på både foreldre- og medarbeidarundersøkingar, noko vi er stolte av. Vi har eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø, prega av høg fagleg kvalitet og eit sterkt engasjement for barnas beste.
Vi har no ledig stilling for ein motivert og engasjert barnehagelærar som ønsker å vere med på å skape gode og meiningsfulle kvardagar for barna i barnehagen vår. Vi søker deg som møter barn, kollegaer og føresette med varme, rausheit og fleksibilitet. Du er relasjonsorientert og opptatt av å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø. Du har eit ekte engasjement for barns leik, læring og utforsking, og ser verdien av å vere ein tydeleg og trygg vaksen som deltar aktivt i barnas kvardag.
Gjennom refleksjon, fagleg utvikling og samarbeid arbeider vi målretta for å skape gode kvardagar for både barn og tilsette. Erfaringsdeling og kompetanseheving står sentralt hos oss. Livsmeistring og helse er hovudsatsingsområdet vårt, og barnehagane samarbeider tett for å dele idear og inspirere kvarandre. Vi arbeider med utviklingsprosjektet Inkluderande leike- og læringsmiljø og er i oppstartsfasen når det gjeld leik med digitale verktøy, der do:be er eitt av verktøya vi nyttar.
Barnehagane i Helse Bergen deltar i internasjonalt samarbeid gjennom EU-programmet Erasmus+. Alle tilsette kan søke om å delta på studieturar og besøke barnehagar i andre land. Dette samarbeidet gir verdifulle moglegheiter for fagleg utvikling, inspirasjon og refleksjon rundt eigen praksis i møte med barnehagar og utdannings-institusjonar internasjonalt.
Synest du dette høyrest spennande ut, og ser du på deg sjølv som ein engasjert og fagleg sterk barnehagelærar, ønsker vi deg velkommen til å søke stilling hos oss.
Som barnehagelærar skal du:
Vi ser etter deg som er:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ragnhild Steimler Åsheim, Leiar, 55974944
Haukelandsbakken 42
5009 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5124380413
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.