Vi ser etter deg som likar saksbehandling, og som ynskjer å jobbe i eit kompetansemiljø. Du har god teknisk innsikt, og likar å bryne deg på ulike problemstillingar.
Hos oss vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med medarbeidarar i ulik alder og bakgrunn. Vi har eit breitt kompetanseområde og legg vekt på å dele kunnskap og støtte kvarandre. Arbeidsplassen vår ligg i Statens Hus, med nye flotte fasilitetar, og eit stort tverretatleg kollegium.
Du vil jobbe med saksbehandling innan fastsetting og kontroll i personsegmentet. Arbeidet krev høg grad av nøyaktigheit, god systemforståing og evne til å jobbe sjølvstendig over tid.
Dine arbeidsoppgåver vil vere
Vi ser etter deg som har relevant høgare utdanning på minimum bachelor nivå, gjerne innnan rekneskap/revisjon, økonomi og administrasjon, offentleg forvaltning eller jus. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. Internasjonale grader må vere godkjent av NOKUT/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
I tillegg må du ha
Det er ein fordel om du også har
For å trivast og lukkast i stillinga treng vi deg som
Vil du bidra i arbeidet med å sikre finansieringa av velferdssamfunnet? Alle landets innbyggjarar kjem i kontakt med Skatteetaten – og vi skal møte dei med profesjonalitet, gode løysingar og enkle prosessar. Vi håpar dette høyrest like interessant ut for deg som for oss!
Hos oss får du rammer som legg til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid. Du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, samt moglegheit til å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med, og gir mellom anna ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg.
Vi veit at mange ønskjer ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag, med høve til å veksle mellom heimekontor og arbeid på kontoret. Dette legg vi sjølvsagt til rette for. Hos oss kan du inngå avtale om heimearbeid inntil to dagar i veka, når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjere.
Du blir tilsett som rådgivar eller seniorrådgivar med ei årsløn mellom kr 600 000 og kr 750 000, avhengig av kvalifikasjonane dine. Dei første seks månadene blir rekna som prøvetid.
Nordfjordeid ligg i hjartet av Nordfjord – ein region der fjell møter fjord, og der opplevingane startar rett utanfor døra. Her er det kort veg frå toppturar og via ferrata, til surfebølgjer og sandstrender langs kysten, og til sterke kultur- og konsertopplevingar i Operahuset Nordfjord. Så enten du er glad i aktive dagar ute, kulturliv eller rolege stunder med familie/vener, byr Nordfjord på ein kvardag med stor variasjon og høg livskvalitet.
Vi bruker ikkje søknadsbrev: Når du søkjer på stillinga, treng du ikkje skrive søknadsbrev, men levere ein utfyllande CV der du får fram kva du har gjort tidlegare som gjer deg kvalifisert til jobben. Ta med kva oppgåver og fagområde du har hatt ansvar for, og kva resultat du har oppnådd. Det er fint om du legg ved vitnemål, karakterutskrifter og relevante attestar.
Omvend referansesjekk: For at du skal kjenne deg trygg i valet om å jobbe hos oss, tilbyr vi omvend referansesjekk. Dersom du er aktuell for stillinga, vil du få tilbod om å ta kontakt med nokre av medarbeidarane våre slik at du kan stille dei spørsmåla du ønskjer, og finne ut om vi er ein god match.
Mangfald og likestilling: Vi er på jobb for alle, og ønskjer å vere ein god arbeidsplass for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og åtferd. Har du hol i CV-en, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg om å krysse av for dette når du søkjer. Det kan gi moglegheit for positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Offentleg søkjarliste: Ver merksam på at namnet ditt vil stå på ei offentleg søkjarliste når du søkjer jobb hos oss. Du kan be om å bli unnateken frå lista ved å grunngje dette, og vi vil vurdere førespurnaden din nærare.
Bakgrunnssjekk: Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar og stadfestar utdanning og arbeidserfaring.
Om arbeidsgivaren
Vel ein jobb der du får utfordra deg sjølv gjennom å løyse utfordringar for andre. Vi sikrar finansieringa av velferdssamfunnet ved å sørgje for at alle bidrar med det dei skal. Vi gjer det på vegner av fellesskapen, fordi velferda er noko som kjem alle til gode. Folk har høg tillit til oss, og vi jobbar kvar dag for å fortene denne. Vi består av eit direktorat, fem divisjonar med landsdekkjande ansvar og, viktigast av alt: litt over 7000 engasjerte medarbeidarar som er stolte av arbeidsplassen sin. Vil du bli enda betre kjent med oss og alt vi held på med? Les meir på skatteetaten.no
Kristin Vik Sparvath, underdirektør, 975 56 956
Rådhusvegen 8
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgiver: Skatteetaten
Referansenr.: 5119160693
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.05.2026