Vi har behov for fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar i heimetenesta, og søkjer etter deg som ynskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
Som helsefagarbeidar i heimetenesta vil du arbeide både i heimesjukepleia og på omsorgsenteret. Du vil vere ein viktig del av tenesta og bidra til at innbyggjarane får trygge, heilskaplege og kvalitetsgode helse- og omsorgstenester.
Heimetenesta består av heimesjukepleie, omsorgsenter, dagavdeling, heimehjelp og heimevaktmeister. Vi har fokus på fagleg utvikling og å skape gode tenester i møte med brukarane
Vi nyttar årsturnus med vanlege vakter eller langvakter. Ved langvakter jobbar ein kvar 4 helg.
Dersom du får tilbod om stillinga, må du legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
-Løns- og arbeidsvillkår i samsvar med lovar, regelverk, avtaler og kommunale vedtak.
Aktuelle søkarar blir fortløpande kontakta.
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Silje Andrea Kyrkjebø, Avdelingsleiar, +47 47399988
Revahaugvegen 6
3880 Dalen
Arbeidsgivar: Tokke kommune
Referansenr.: 5140676559
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.06.2026
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.