Sykkylven vidaregåande skule søker frå 1. august 2026 fleire engasjerte yrkesfaglærarar ved Teknologi- og industrifag, totalt inntil 230 % fast stilling.
Vi søker fagleg sterke og samarbeidsvillige kollegaer med kompetanse til å undervise i programfaga ved vg1 Teknologi og industrifag og vg2 Industriteknologi.
Relevant fagbrev og/eller høgare utdanning innan teknologi- og industrifag. Kompetanse innan trearbeid og/eller CNC er spesielt ettertrakta.
Praktisk erfaring frå industri, mekanisk arbeid eller tilsvarande område er ønskeleg.
Pedagogisk kompetanse (PPU) er ein fordel. Søkjarar utan PPU kan tilsetjast på vilkår om å fullføre utdanninga.
Erfaring med opplæring eller ungdom er ein fordel.
Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
Løn etter gjeldande avtaleverk
Barbro O. Midtgård, Rektor, +47 92619045
Kyrkjevegen 6
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5103608853
Stillingsprosent: 100, 30%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 10.05.2026
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest.
Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Blir du med å utviklar regionen saman med oss?
Sykkylven vidaregåande skule
I hjartet av skapargledebygda finn vi Sykkylven vidaregåande skule. Her møter vi engasjerte og oppdaterte lærarar som legg til rette for god læring, trivsel og meistring. Med omlag 250 elevar er vi akkurat passe stor; liten nok til eit inkluderande fellesskap, men også stor nok til mangfald. Skulen har fleire varierte utdanningsprogram innan studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, samt elektro og datateknologi.