Vil du bidra til at Miljødirektoratet når visjonen sin om eit reint og rikt miljø? I seksjon for HR og utvikling legg vi til rette for at leiarar og tilsette i Miljødirektoratet kan utføre oppdraget sitt på best mogleg måte. No søkjer vi ein kollega med god HR-fagleg kompetanse, og som særleg har solid erfaring med rekruttering.
Vi er 20 tilsette i seksjonen og har medarbeidarar både i Trondheim, Oslo og Svolvær. HR-seksjonen yt tenester til om lag 60 leiarar og over 800 medarbeidarar over heile landet.
Geografisk plassering for denne stillinga er Trondheim. Du vil bli ein del av arbeidsgruppa "Bemanning og rekruttering" og vi ser etter deg som har solid erfaring med rekrutteringsarbeid. Hos oss får du også bidra med vidareutvikling og forbetring av arbeidsprosessane våre. Du må trivast i rolla som sparringspartnar for leiarane våre og vere oppteke av kvalitet i arbeidet.
Kontaktperson for stillinga er HR-sjef Kristin Grimstad på tlf. 469 33 280/ kristin.grimstad@miljodir.no ev. seniorrådgivar Gunn Hilde Garte, tlf. 477 51 389/ gunn.hilde.garte@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 49-2026 OHR når du tek kontakt.
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Til denne stillinga ønskjer vi ikkje eit vanleg søknadsbrev, men du må svare på spørsmåla som kjem opp i Jobbnorge.
Vitnemål fra utdanning tatt i Noreg må du laste opp via Vitnemålsportalen. Legg ved relevante attestar og utdanning tatt i utlandet.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø. Våre hovedoppgaver er å redusere klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre forurensning.
Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 faste ansatte ved kontorene våre i Trondheim, Oslo, Svolvær og Tromsø og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidsansatte rovviltkontakter spredd over hele landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgavene i Miljødirektoratet. Vi utvikler og følger opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analyser, overvåker og kartlegger arter, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparker og naturreservat. Noen oppgaver krever at ansatte med ulik fagkompetanse jobber sammen på tvers. På den måten sikrer vi størst mulig faglig tyngde i leveransene våre. Vi lærer av hverandre og utvikler oss internt. Andre arbeidsoppgaver krever selvstendig jobbing. For å løse samfunnsoppdraget vårt på best mulig måte har vi behov for medarbeidere i alle aldere, med ulike fagkombinasjoner, kompetanse, livserfaringer og perspektiver. Er du kvalifisert til en ledig stilling, så oppfordrer vi deg til å søke!
Se alle ledige stillinger i Miljødirektoratet.