Fjord1 har ledig stilling som matros i sambandet Husavik-Sandvikvåg, på vår flotte el-ferje MF Husavik.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord 1 døgn og har fri 1 døgn i 12 dagar. Deretter har du 9 dagar samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Husavik eller Sandvikvåg, då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart juli. Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Vi ser etter en pålitelig og løsningsorientert matros som trives med å jobbe i team, og setter sikkerhet og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige egenskaper. Om dette beskriver deg som person, tar vi gledeleg imot din søknad.
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
E39 13
5419 Fitjar
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5140990171
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.