Vi søkjer ein medarbeidar som kan arbeide som morsmålsassistent med russisk eller ukrainsk som morsmål i barnehage med oppstart frå 17.08.2026. Assistenten skal arbeide med barn frå Ål asylmottak.
Stillinga vil tilhøyre ein barnehage, og assistenten vil ha som hovudoppgåve å følgje opp borna gjennom dagen og tolke samtaler mellom barnehage og heim.
Stillinga er 100 % mellombels i perioden 17.08.26 - 31.12.26, men med moglegheit for forlenging.
Kvalifikasjonar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema:
Søk herÅl kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. "Betre læring" er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!