UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetsmuseet i Bergen har forsking, samlingsforvaltning og formidling som kjerneoppgåver, saman med innsamling, dokumentasjon og vern. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi, zoologi og paleobiologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda etter Kulturminnelova med forskrifter, samt ansvaret for tre botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 155 årsverk. Nærare informasjon om museet finn ein her: http://www.uib.no/universitetsmuseet
Forskar – saksbehandlar i arkeologi
Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for kulturhistorie, Fornminneseksjonen, er det ledig ei fast stilling som forskar (SKO 1109) i arkeologi. Stillinga er knytt til den lovpålagde utgravingsverksemda ved Universitetsmuseet i Bergen.
Fornminneseksjonen og Forskingsseksjonen utgjer Avdeling for kulturhistorie. Fornminneseksjonen har ansvaret for forvaltningsinitierte arkeologiske undersøkingar i Universitetsmuseet i Bergen sitt distrikt (Vestland og Sunnmøre). Seksjonen er elles rådgjevar for Riksantikvaren, fylkeskommunane, Sametinget og andre samarbeidspartnarar. Fornminneseksjonen har fire fast tilsette forskarar og 17 administrative stillingar i tillegg til mellombels tilsette knytt til ulike forvaltningsprosjekt.
Vi søkjer ein forskar med solid kunnskap om førhistoria og brei erfaring frå arkeologiske forvaltningsprosjekt i Noreg eller Norden. Til stillinga ligg fagleg rådgjeving og sakshandsaming av dispensasjonssaker etter Lov om kulturminner. Den som får stillinga vil ha omfattande kontakt og samarbeid med kommunar, fylkeskommunar, Riksantikvaren og eksterne aktørar. Formidling, rådgjeving og fagleg informasjon til forskarar, studentar og publikum inngår og som ein del av arbeidet.
Arbeidsoppgåvene vil og inkludere utarbeiding av planar og budsjett, samt prosjektleiing for arkeologiske forvaltningsprosjekt. Dette omfattar det faglege og administrative ansvaret for førebuing, gjennomføring, rapportering og avslutting av utgravingsprosjekt. Andre administrative og museale arbeidsoppgåver ved seksjonen kan og leggast til stillinga.
Stillinga inneber krav til fagleg kompetanse og føreset kontinuerleg oppdatering på regional forskingsstatus samt eit særleg fokus på arkeologiske metodar og det tverrfaglege og naturvitskaplege feltet. Samarbeid med dei naturvitskaplege fagmiljøa ved Universitetsmuseet er viktig. Det er venta at den som vert tilsett bidrar positivt inn til dei eksisterande forskingsmiljøa ved museet. Den som vert tilsett må rekne med eigen feltdeltaking og stillinga vil medføre mykje reising.
Søkjarens erfaring knyt til leiing, gjennomføring og rapportering frå arkeologiske utgravingsporsjekt samt erfaring frå saksbehandling vert tillagd vekt ved vurdering.
Personlege eigenskapar:
Søknaden skal innehalde ei kortfatta framstilling av utdanning, tidlegare stillingar, vitskapeleg-, fagleg- og administrativ erfaring. Faglege/vitskapelege arbeid skal ikkje sendast inn saman med søknaden. Som eit første ledd i vurderinga vil det bli brukt ein sorteringskomité som vurderer alle søknadene. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli bedne om å sende inn eit utval vitskapelege arbeid, som vil bli vurderte av ein eigen sakkunnig evalueringskomité samen med andre relevante kvalifikasjonar. Dersom det er felles arbeid, må søkjaren legge ved ei kort utgreiing om eigen medverknad og rolle. Kandidatane vil bli bedne om å sende inn maksimum tre vitskapelege arbeid som søkjaren ser på som særleg relevante for stillinga.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonssjef ved Fornminneseksjonen, Morten Ramstad, tlf. 40 61 00 70 e-post: morten.ramstad@uib.no eller til instituttleiar Björn Nilsson, tlf. 41 24 69 13, e-post: bjorn.nilsson@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her