Me søker etter ein fagleg dyktig og engasjert helsefagarbeider/hjelpepleier til Bryneheimen 1. etg. Stillinga er på 70% med langvaktshelg kvar 4. helg. Me har årsturnus/kalenderplan og det vil være gode moglegheiter for å øke opp stillinga frå neste år. Søkaren må være interessert i demensomsorgen da denne stillinga hovedsakleg vil være plassert på demensfløyen vår. Det er likevel viktig at ein også kan bidra på dei andre fløyene ved behov.
Bryneheimen har plass til 59 pasientar fordelt på to etasjar som igjen er delt inn i tre fløyar. Alle fløyene er langtid, med eit stort spenn av faglege utfordringar. Det er både somatikk. demens og noko psykiatri.
I første etasje, der altså denne stillinga er, har me også ei demensavdeling. I demensavdelinga er det fokus på miljøterapi og personsentrert pleie. Det er knytt sjukeheimslege i 60 % stilling til institusjonen. Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukarmedverknad. Institusjon i Time kommune har eigen fagutviklar, som har fokus på kompetanse, pasientsikkerheit og kvalitet.
Bryneheimen ligg i Bryne sentrum med gåavstand frå togstasjonen.
Då stillinga først og fremst er tilknytta demensavdelinga må ein være interessert i å tilegne seg kunnskap om demensomsorga. Det er ein fordel om du kan eller kjenner til relevante metoder og arbeidsverktøy som:
- Miljøterapi og personsentrert omsorg
- VIPS- modellen
- TAM og MAP
- Kapittel 4A
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Renate Iversen, Avdelingsleiar, +47 95809531
Hognestadvegen 41
4340 Bryne
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5125764069
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 22.05.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.