Voss sjukehus har ledig 80% vikariat som pleieassistent ved Kirurgisk seksjon - Kirurgisk/ortopedisk sengepost, frå og med veke 25 til og med veke 33.
Ynskjer du ein jobb der du jobbar tett på pasientar, vert del av eit solid fagmiljø og får ei rolle kvar du verkeleg gjer ein forskjell? Som pleieassistent hjå oss får du opparbeide deg verdifull erfaring og kompetanse, med ein arbeidsdag som er variert og meiningsfull. Du vert del av eit team kvar alle er like viktige.
Vert med på laget vårt - me ser fram til å høyre frå deg!
Du
Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Ingrid Tennebekk Bjørke, Assisterande seksjonsleiar, + 47 97050485, ingrid.tennebekk.bjorke@helse-bergen.no
Gunn Iren Hovda Engvold, Assisterande direktør, +47 41694311, gunn.iren.hovda.engvold@helse-bergen.no
Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5140771975
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 11.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.