Vil du bli avdelingsleiar i eit Nav-kontor der engasjement, samarbeid og samfunnsoppdrag står i sentrum?
Nav Vindafjord-Etne er eit kontor med 28 dedikerte medarbeidarar fordelt på tre avdelingar. No søkjer me etter ein ny avdelingsleiar i fast 100% stilling for integreringstenesta, og me søkjer deg som vil vere med og utvikle både menneske og tenester. Som éin av tre avdelingsleiarar vil du inngå i ei tett leiargruppe saman med einingsleiar – og få ansvar for rundt 7 kompetente og engasjerte medarbeidarar.
Me ser etter ein trygg og tillitsbasert leiar som veit kva som motiverer, og som legg til rette for meistring og utvikling. Du vil samarbeide tett med andre avdelingar og einingar i kommunen, og med eksterne aktørar som næringsliv og frivilligheita.
Nav Vindafjord-Etne flyttar inn i heilt nye lokale i Ølen sentrum i juni.
Er du ein lagspelar som finn motivasjon i Nav sitt samfunnsoppdrag? Då håpar me du søkjer!
Ettersom Nav er i stadig utvikling og endring, kan ein pårekna endringar i ansvarsområde og oppgåvesamansetning.
For oss i Nav Vindafjord-Etne er det viktig at medarbeidarane våre opplever meistring og trivst med arbeidsoppgåvene over tid. Difor legg vi stor vekt på personlege eigenskapar som me ser at er viktige i rolla. Særleg desse eigenskapane vil bli vektlagde sterkt:
Personlege eigenskapar er svært viktige, og ovannemnte eigenskapar vil vektleggast sterkt.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk herVindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.