Vil du vere med og leie eit sterkt fagmiljø?
Yrkesmedisinsk avdeling søker ein engasjert og fagleg trygg assisterande seksjonsleiar til seksjon for sjukepleie. Hos oss får du ei spennande nøkkelrolle der du kombinerer leiing, koordinering og klinisk arbeid i eit høgkompetent og tverrfagleg miljø.
Dette er stillinga for deg som ønsker ansvar, trivst med oversikt og struktur, og som finn motivasjon i å legge til rette for gode pasientforløp og ein velfungerande arbeidskvardag for kollegaene dine. Du vil arbeide tett saman med seksjonsleiar og vere ein viktig bidragsytar i den daglege drifta og vidare utviklinga av seksjonen.
Yrkesmedisinsk avdeling har ansvar for Helse Vest-regionen og arbeider med utgreiing, behandling og førebygging av allergiske sjukdommar og arbeidsrelaterte helseplagar. Avdelinga har òg ansvar for fleire nasjonale behandlingstenester, mellom anna Nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling og Norsk senter for maritim og dykkemedisin. Dette gjev eit mangfald av faglege problemstillingar og store moglegheiter for læring og utvikling.
Som assisterande seksjonsleiar vil du mellom anna:
Vi ser etter deg som:
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Du er:
Hos oss får du:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Grete Kalleklev Velure, Ass leiar, 55973901
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5123857869
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.