Vil du jobbe i eit fagmiljø med høg kompetanse, god struktur og eit arbeidsmiljø der vi løftar kvarandre?
Vi styrkjer laget vårt og har no ledige faste stillingar:
Stillingane er knytt til ulike delar av BUAS
3 x 100 % fast stilling som sjukepleiar (3 x 100 ved sone 2)
2 x 100 % fast stilling som helsefagarbeidar (1 x 100 ved sone 1 og 1 x 100 ved sone 2)
Stillingane er knytt til Sykkylven bu og aktivitetssenter, med arbeid i turnus og arbeid kvar tredje helg.
Vi ber om at du presiserer i søknaden kva avdeling du søkjer på.
Hos oss får du ein kvardag prega av meistring, fagleg utvikling og meiningsfulle oppgåver. Du får arbeide tett saman med dyktige kollegaer og vere ein viktig ressurs for pasientar og pårørande. Vi legg til rette for at du skal få bruke kompetansen din fullt ut – enten du er sjukepleiar eller helsefagarbeidar.
BUAS har eit sterkt fagmiljø med god tverrfagleg kompetanse. I tillegg har eininga ein eigen sjukepleiarstab med 8 sjukepleiarar som støttar avdelingane og bidreg på tvers i organisasjonen.
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd
Lillian Klock Urtegård, avdelingsleiar, +4795948039, lillian.urtegard@sykkylven.kommune.no
Astrid Hammernes Strømme, avdelingsleiar, +4795947361, astrid.stromme@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
Haugneset 16
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5104527410
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.05.2026
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven