Blir du motivert av ein jobb som betyr noko for fleire enn deg sjølv? Vil du bidra til samfunnsoppdraget til Vest politidistrikt? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Vest politidistrikt søkjer ein informasjonssikkerheitsleiar til Seksjon for tryggleik, eigedom, logistikk og materiell (SELM). Stillinga skal bidra til eit systematisk og heilskapleg arbeid med informasjonssikkerheit i politidistriktet, i tråd med gjeldande krav, føringar og regelverk.
Hos oss får du høg tillit, rom for sjølvstendig arbeid og ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Stillinga inneber både operative oppgåver og ansvar for det langsiktige og systematiske arbeidet innan fagområdet. Som informasjonssikkerheitsleiar vil du, i samarbeid med tryggleiksleiar, utgjere ein sentral del av tryggleiksfunksjonen i distriktet. Du vil ha ei viktig rolle i å vidareutvikle og følgje opp styringssystemet for informasjonssikkerheit, og bidra til at tryggleiksarbeidet er godt forankra i organisasjonen.
Stillinga har ei sentral rolle i å sikre at informasjon blir handsama i tråd med krava til konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit. Du vil vere ein del av eit tverrfagleg samarbeid innan internkontroll, tryggleik og personvern, og skal bidra til å gi politimeisteren eit heilskapleg bilete av sårbarheitene i distriktet og tilhøyrande tiltak. Rolla inneber òg tett samarbeid med fagmiljø i distriktet og relevante nasjonale fagmiljø.
Seksjon for tryggleik, eigedom, logistikk og materiell (SELM) er eit team med åtte dedikerte medarbeidarar som løyser både strategiske og operative oppgåver. Som informasjonssikkerheitsleiar vil du vere ein viktig bidragsytar i den vidare utviklinga av seksjonen og arbeide på tvers av fagområde. SELM er organisert under Stab for verksemdsstyring, som bistår politimeisteren i gjennomføringa av sentrale prosessar for verksemdsstyring og sikrar at driftseiningane opererer i tråd med føringar og gjeldande regelverk.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag skal vi førebyggje og kjempe mot kriminalitet, skape tryggleik og ta vare på rettstryggleiken. Vi meiner at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse.
Vi ser etter deg som har god fagleg forståing for informasjonssikkerheit og evnar å omsetje krav, regelverk og føringar til praktiske og gjennomførbare løysingar i organisasjonen.
Du arbeider sjølvstendig, tek ansvar for eigne oppgåver og bidreg aktivt til å utvikle fagområdet. Samstundes har du gode samarbeidsevner og evnar å byggje tillit og relasjonar på tvers av fagmiljø og organisasjonsnivå.
Du trivst med ein variert arbeidskvardag, der du vekslar mellom operative oppgåver og langsiktig, systematisk arbeid. Rolla krev at du evnar å sjå heilskap og samanhengar, og at du bidreg til at informasjonssikkerheit blir ein integrert del av verksemda sitt arbeid.
Personleg eignaheit vil bli lagd stor vekt på.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Det er òg ønskjeleg med:
Vi ser etter deg som:
Kan balansere tryggleiksarbeidet opp mot politiet sitt samfunnsoppdrag
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral