Einingsleiar Eivindvik barnehage og skule
Eining Eivindvik barnehage og skule, avdeling barnehage og SFO treng sommarvikarar. I hovudsak vil det vere snakk om arbeid frå 27.06.26 - 03.07.26 og 27.07.26 - 31.07.26. Skriv gjerne i søknaden din om du kan tenkje deg jobb i barnehagen eller SFO, eller begge deler. Du kan også ta ein telefon til kontaktpersonane i annonsen om du har spørsmål til utlysinga.
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.