Det er ledig fast 100% stilling som ingeniør ved Bygg og Eigedomsavdelinga frå snarast.
Avdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av om lag 60 000 m2 bygningsmasse, fordelt på skular, barnehagar, omsorgsbustadar, omsorgssenter, utleigebygg, administrasjonsbygg og rådhus. Avdelinga er ein del av Teknisk eining, underlagt kommunalområde Samfunn.
I tillegg til formell kompetanse vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lagt ved søknaden.
Robert Valderhaug, avdelingsleiar, +47 41701937
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5138181250
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Hold oversikt over alle parallelle søknader. Kladd, sendt, intervju, tilbud, avslag, med varsler for frister du ellers ville glemt.