Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har tilsett seksjonsoverlege og psykologspesialist. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med ein psykiatrar og ein psykologspesialist.
Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til
pasientgruppa.
Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda psykose og allmennpsykiatri.
Bjørgvin DPS søker etter ein psykologspesialist i 100% fast stilling til fagområdet psykose, psykolog med interesse for fagfeltet kan også søke.Stillinga gir rom for alternativ tenking knytt til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide intensivt i periodar for så å ha fri i periodar. I friperiodane vil det vere noko ubunden arbeidstid som psykologspesialisten nyttar til førebuing. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming.
Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrke spesialistkompetansen ytterlegare.
Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for
spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og
brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben
Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:
* Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS konsulentar, spesialsjukepleiarar, spesialvernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet.
* Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan
døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har
totalt 140 pasientar i behandling.
Bjørgvin psykose døgnbehandling:
* Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskuleutdanna personale med vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk
* Totalt har seksjonen 12 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med spesialitet i allmennmedisin og sosionom
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Wenny Karin Bernes, Seksjonsleiar, +47 90980134
Tertnesvegen 37
5113 Tertnes
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5068349447
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.