PPT Vest-Telemark lyser ut ei 2-årig prosjektstilling i 50 % som PP-rådgjevar. Prosjektstillinga er retta mot vidareutvikling av førebyggjande og systemretta praksis i barnehage og skule, med særleg vekt på tidleg innsats, læringsmiljø og kompetanseutvikling. Målet er å styrkje kvaliteten i tilpassa opplæring gjennom kunnskapsbaserte tiltak, slik at behovet for individretta vedtak kan reduserast. Ein må også medrekne arbeid på individ nivå der det er behov.
PPT Vest-Telemark er ei interkommunal teneste for kommunane Tokke, Fyresdal og Vinje der Vinje er vertskommune. Hovudkontoret er i Åmot med arbeid ut i dei tre kommunane. Du vil møte dyktige, motiverte og hyggelege medarbeidarar, i eitt breitt fagmiljø på tvers av tenester og verksemder. Me tilbyr stor grad av sjølvstende og påverknadsmoglegheit. Relasjonskapasitet og samskaping er berebjelker i vår organisasjon.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Ingvild Skipar, Leiar PPT, 92289964, ingvild.skipar@vinje.kommune.no
Vinjevegen 192
3890 Vinje
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5126681089
Stillingsprosent: 50%
Anna
Startdato: 10.08.2026
Sluttdato: 14.08.2028
Søknadsfrist: 21.05.2026
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!