Thoraxkirurgisk seksjon ved Haukeland universitetssjukehus søkjer ein tydeleg og engasjert assisterande seksjonsleiar med eit sterkt engasjement for fag, kvalitet og medarbeidarar.
Som assisterande seksjonsleiar får du ei sentral rolle i den daglege drifta av ein høgspesialisert seksjon, der du bidreg til å sikre god flyt, riktig bemanning og forsvarleg pasientbehandling i ein travel klinisk kvardag. Du vil arbeide tett saman med seksjonsleiar i eit operativt tospann, og vere ein viktig medspelar i vidare utvikling av seksjonen.
Vi ser etter deg som evnar å kombinere struktur, samarbeidsevne og handlekraft – og som er trygg i prioriteringar og avgjerder når det er høg aktivitet og mange omsyn å ta.
Thoraxkirurgisk seksjon (TKS) er ein del av Kirurgisk serviceklinikk (KSK) og held til i moderne lokale i Sentralblokka. Seksjonen har høg aktivitet og komplekse pasientforløp, og består av eit sterkt fagmiljø med operasjons- og anestesisjukepleiarar.
Vi arbeider i tverrfaglege team saman med kirurgar, anestesilegar, perfusjonistar og andre samarbeidsgrupper, og legg stor vekt på godt samarbeid og høg kvalitet i alle ledd.
Seksjonen har i dag 34 operasjons- og anestesisjukepleiarar, og drifta er organisert i todelt turnus, hovudsakleg dagtid.
Seksjonen har ansvar for:
Vi disponerer fire operasjonsstover, der éi er hybridstove nytta til avanserte prosedyrar i samarbeid med kardiologar og karkirurgar, som TAVI, MitraClip, pacemaker, ICD og EVAR.
Om rolla
Stillinga er dagtidsorganisert utan fast turnus, men gir høve til å oppretthalde klinisk kompetanse ved behov gjennom deltaking i drift.
Som assisterande seksjonsleiar vil du ha ei nøkkelrolle i å utvikle både drift, fag og arbeidsmiljø, og bidra til at seksjonen leverer trygge og effektive tenester av høg kvalitet.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kristin Helland Mjelde, Seksjonsleiar, +47 91390707, kristin.helland.mjelde@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5129030505
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.