Ingeniør til planavdelinga – vil du vere med på den historiske utviklinga i Fyresdal kommune?
Er du den poteta vi leitar etter?
Fyresdal kommune søker ein engasjert og framoverlent ingeniør til planavdelinga – ei stilling for deg som vil ha varierte oppgåver, stort ansvar og høve til å vere med å påverke korleis eit heilt lokalsamfunn skal utvikle seg i åra som kjem.
Dette er ikkje berre ein jobb i ein kommune, dette er ein moglegheit til å bli ein del av ei historisk samfunnsutvikling for heile regionen.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Dei neste åra skal det byggast rundt 40 nye kommunale bustadeiningar med innovative løysingar og arkitektteikna kvalitetar. Desse prosjekta vil vere ein viktig del av arbeidet ditt. Samtidig står kommunen framfor omfattande arbeid innan vatn og avløp, med renovering, sanering og utvikling av framtidsretta løysingar for infrastrukturen.
Vi søker deg som:
Du treng ikkje passe inn i ein smal boks. Dette er stillinga for deg som har breidde, engasjement og evne til å ta tak der det trengst.
Vi ser etter deg som ikkje berre har fagkompetanse, men som også har dei personlege eigenskapane som skal til for å trivst og lukkast i ei stilling med høg variasjon, stort ansvar og mykje utvikling.
Du er ein person som:
Vi trur du vil trivast godt hos oss dersom du også er:
Dette er ei stilling for deg som likar å vere litt potet – ein person som ikkje nødvendigvis passar inn i ein smal boks, men som har breidde, engasjement og evne til å sjå heilskapen. For oss er det viktig at du har lyst til å vere med på utvikling, at du ser verdien av godt samarbeid, og at du ynskjer å bruke kompetansen din til beste for både organisasjonen og lokalsamfunnet.
Hos oss får du:
Vil du vere med?
For den rette personen er dette mykje meir enn ei ordinær ingeniørstilling. Dette er ein moglegheit til å vere med når eit lokalsamfunn er i sterk rørsle, og når framtida faktisk blir forma her og no.
Vil du vere med og legge til rette for utviklinga i Fyresdal? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Halvor Homme, Kommunalsjef plan og teknikk, +47 90777757
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal
Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
Referansenr.: 5118350214
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2026
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.