Leiar for oppvekst og barnevern
Er du ein relasjonsbyggjar som får ting til å skje?
Barneverntenesta i Setesdal søkjer ein sjølvdriven, målretta og trygg fagperson til 100 % fast stilling som familierettleiar/miljøterapeut.
Vi treng deg som evnar å skape tillit raskt, stå i krevjande situasjonar og samtidig halde retning og framdrift i arbeidet.
🔹 Kvifor denne stillinga?
Vi styrkjer no tenesta vår med eigen familierettleiar/miljøterapeut for å:
- gi betre kvalitet og kontinuitet i oppfølginga til barn og foreldre
- vere tettare på familiane og skape endring
- bruke ressursane våre smartare og meir fleksibelt
Arbeidet vil primært gå føre seg i Bygland kommune, og ved ledig kapasitet skal du også bidra aktivt i det førebyggjande arbeidet i Bygland kommune. Noko arbeid i Valle kommune må også påreknast. Valle kommune er vertskommune for Setesdal barnevern.
Du er ikkje berre fagleg sterk – du får det til i praksis.
Vi ser etter deg som:
Viktig for søknaden din:
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Hedda Helene Schaanning, Leiar for oppvekst og barnevern, +47 47642462, hedda.helene.schaanning@valle.kommune.no
4747 Valle
Arbeidsgivar: Valle kommune
Referansenr.: 5124806112
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/