På Skjold skule har me to 100% ledige stillingar på ungdomstrinnet. Me søkjer to engasjerte og fagleg trygge lærarar til ungdomstrinnet vårt. Hos oss møter du ein arbeidsplass der struktur, samarbeid og profesjonelt skjønn pregar det daglege arbeidet med elevane. Skulen legg vekt på relasjonsbygging som ein føresetnad for læring. Me arbeidar for at elevane skal bli sett og møtt som enkeltmenneske, fordi me veit at trygge relasjonar mellom elev og lærar er avgjerande for både fagleg utvikling og trivsel. Dette krev tid, medvit og tydelege vaksne som står støtt i rolla si.
Me er opptekne av å gi elevane ein føreseieleg skulekvardag, med klare rammer, gode rutinar og høge – men realistiske – forventningar. Som lærar hos oss blir du ein del av eit profesjonsfellesskap som arbeider systematisk med læringsmiljø, relasjonar, trygge rammer og utvikling av eiga praksis. Me har eit inkluderande og positivt personale, der nye tilsette blir tatt godt imot og det er lett å spør om ting ein lurer på. No har me ledige stillingar og er spent på kven som skal bli våre nye kollegaer.
Du er tydeleg og strukturert i klasseleiinga
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk herVindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.