Kulatoppen omsorgssenter, HDO, har 32 heildøgns-bemanna omsorgsbustadar (HDO) fordelt på 4 avdelingar.
Kulatoppen HDO treng autoriserte sjukepleiarar i faste stillingar som kan jobbe 2-delt turnus.
Vi har ein fantastisk arbeidsplass med godt arbeidsmiljø i eit moderne og velutstyrt omsorgssenter som bidrar til fagleg utvikling og trivsel både for bebuarar og tilsette.
Er du utdanna og autorisert sjukepleiar? Søk stilling hos oss og bli med i vårt team der du kan bidra til gode brukaropplevingar, godt kollegialt samarbeid og framtidsretta tenesteutvikling.
Kulatoppen omsorgssenter har eigen instagramkonto - sjekk gjerne denne på Instagram
https://www.instagram.com/kulatoppen?igsh=MXNzaDlnc216NjQzOQ==Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Har gyldig arbeids- og oppholdstillatelse.
Har dokumentert norskkompetanse tilsvarande bestått norsk språkprøve nivå 3 /B2 skriftleg og muntleg eller tilsvarande
Beherskar dei vanlegaste IKT-verktøy samt har god kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy.
Sjukepleiarstudentar som avslutter utdanning vår 2026 kan også søkje
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som:
Har positive haldningar og set brukaren i fokus
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
Er fleksibel, strukturert, løysingsorientert og arbeider sjølvstendig
Evne og ynskje om å tileigne seg ny kunnskap og nytte dette aktivt i arbeidet
Har evne til refleksjon og empati
Arbeider tverrfagleg i team og på systemnivå
Tone Husevåg, Tenesteleiar Kulatoppen, +47 99473470
Ytre Kulen 73
6718 Deknepollen
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5088175763
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.