Vi har ledig ei fast helgestilling med arbeid kvar 4 helg i langvaktturnus. Det gjer at vi har ein unik moglegheit til å rekruttere akkurat deg til oss i Raus Bufellesskap. Er du helsefagarbeidar, eller kanskje sjukepleiar- eller vernepleiarstudent er dette kanskje noko for deg? Dette er ei ypperleg moglegheit for helsefaglege studentar å arbeide medan ein studerer. Eller kanskje du brenn for å skape ein betre kvardag for andre menneske?
Stillinga er ein fast stilling med arbeid i langvakter og arbeid kvar fjerde helg. Med langvakter hos oss i Raus Bufellesskap jobbar du kl. 09-21 i kvardager og kl. 11-21 i helg. Langvakter bidrar til å skape kontinuitet i arbeidet med brukarane våre, samstundes som det skaper ein forutsigbar turnus for dei tilsette med lengre friperiodar.
Raus bufellesskap er i eininga Psykisk helse og rusomsorg i Osterøy kommune. Eininga består av psykiatrisk heimeteneste, kommunalpsykolog, Veksttunet Valestrand og bufellesskapet Raus.
I bufellesskapet er det 6 leiligheiter fordelt på 2 hus. I hus 1 jobber det ein døgnvakt og ein langvakt. I hus 2 jobbar det 2 stk i døgnvakt. Du vil bli del av eit arbeidsmiljø med inkluderande, trygge og fagleg kompetente kollegaer, som bidrar positivt i kvardagen for våre bebuarar. Det er i tillegg nokre bustadar knytt til bufellesskapet som får oppfølging. Bufellesskapet gjer tenester til vaksne personer med psykiske lidingar og/eller rusproblematikk.
Lista er ikkje uttømmande.
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Raus bufellesskap er eit bufellesskap for menneske med psykiske lidingar som gjer det vanskeleg å meistre kvardagen på eigenhand.
Bufellesskapet består av 6 leilegheiter fordelt på to hus, samt 2 kjellarleilegheiter tilknytt bufellesskapet. Bufellesskapet er døgnbemanna.
Raus bufellesskap tilbyr ei trygg buform med støtte i dagleglivet og individuell, heilskapleg oppfølging.