Vi søkjer etter lege med spesialistgodkjenning i klinisk spesialitet. Stillinga er eigna for spesialistar innan t.d. anestesi, onkologi, indremedisin, kirurgi, gynekologi, allmennmedisin eller andre relevante spesialitetar.
Kompetanseområde palliativ medisin er ei påbygging, etter spesialistgodkjenning. Rettleiing og undervisning for utdanningsstillinga vil bli gitt i samsvar med krava til Kompetanseområde palliativ medisin. Palliativt senter er godkjent til å dekke den kliniske delen av krava, med inntil to års teneste.
Det er etablert vaktordning for legar ved Palliativt senter, frå hausten 2026 vil denne vere sjudelt, og utdanningskandidaten blir rekna inn i vaktordninga. Det er til saman om lag 9 legeårsverk ved palliativt senter.
Palliativt senter og Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) utgjer det regionale palliative senteret i Helseregion Vest. Frå august 2026 vil begge desse einingane vere organisatorisk plassert i Kreftklinikken, Helse Bergen og palliativ sengepost blir flytta frå Glasblokkene til Marie Joys hus.
Palliativt senter består av palliativ sengepost og palliativt team. I tillegg til drift av palliativ sengepost og poliklinikk er seksjonen i hovudsak ei konsulenteining som vurderer pasientar innlagd i sjukehuset (palliativt team), gir råd til spesialisthelsetenesta og dei kommunale helse- og omsorgstenestene og gir undervisning innanfor det palliative fagområdet. Legegruppa roterer mellom dei ulike oppgåvene.
Vi legg vekt på tverrfagleg samarbeid og dei yrkesgruppene som er tilsett i eller knytt til avdelinga er sekretærar, sjukepleiarar, legar, psykologar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, musikkterapeut, sosionom og prest.
Dersom det ikkje melder seg kandidatar til utdanningsløpet i palliativ medisin, kan andre søkjarar med relevant spesialistgodkjenning og interesse for fagfeltet bli vurderte for tilsetjing. Det kan t.d vere fastlegar som treng eit år i spesialisthelsetenesta.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Nina Hjort, Seksjonsoverlege, +47 41701769, nina.elisabeth.hjort@helse-bergen.no
Monika Kvamme, Seksjonsleiar, +47 41701778, monika.kvamme@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5141023015
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2028
Søknadsfrist: 23.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.