Skog i Sogn er eit felles fagmiljø for den kommunale skogforvaltinga i dei seks kommunane til Sognaregionen. Samarbeidet har tre stillingar (2,6 årsverk) som har som oppgåve å forvalte, utvikle og utnytte skogressursane i Sogn.
Arbeidsgjevar vil vera Vik kommune med planlagt kontorbase i Vik, men ein må pårekna reiseverksemd i kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.
Stillinga ligg i tenesta for plan og forvaltning i sektoren samfunn. Avdelinga arbeidar med plansaker, miljø, landbruk, byggjesak, kart og oppmåling. Kontorarbeidsplass vil vera på kommunehuset i Vik.
Det vert lagt opp til ein kombinasjon av eit fagleg samarbeid og sjølvstendig arbeid med høve til fagleg drøfting og rettleiing.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema:
Søk herVik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.
Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.