Har du lyst på nye utfordringer? Vi har ledige stillingar i Ambulant team som psykisk helsearbeidar. Her er det utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter psykisk helsearbeidar til fast 100% stilling og eit vikariat i 100% i eit år.
Arbeidsstad er Rus- og psykiske helsetenester, Husnes tenestesenter.
Arbeidstidsordning er dagtid/fleksitid. Tilsetting medio august 2026.
Som tilsett ved Rus og psykisk helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneber å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring. Arbeidsoppgåvene kan vere blant anna å ha terapeutiske samtaler, kartlegging, hjelpe brukarane til å strukturere kvardagen og å finne meiningsfulle aktivitetar, kurshalding, pårørandearbeid, rapportering, opplæring og fremming av digitale kurs.
- 3 årig høgskule utdanning innan sosial og/eller helsefag.
- Vidareutdanning i Tverrfagleg psykisk helsearbeid og/eller rusomsorg.
- Utdanning i Kognitiv terapi vil vere eit føremon.
- Erfaring frå psykiatri og/eller rusbehandling.
- Førarkort klasse B.
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Gode evner i relasjonsbygging.
- Du må vera fleksibel og løysningsorientert.
- Du må ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg.
Menn vert oppmoda til å søkja stillinga.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring.
Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje
skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema:
Søk herKvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)