Kirurgisk seksjon ved Voss Sjukehus har ledig stilling som helsefagarbeidar/hjelpepleiar i vår sengepost.
Me ser etter deg som er klar for ein spennande og variert jobb med fagleg breidde, tett på pasientane!
Kirurgisk/ortopedisk sengepost
Kirurgisk og ortopedisk sengepost er ein heildøgnspost med pasientar innan fagområda gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi. Me har både elektiv verksemd med planlagde operasjonar og tek imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp, noko som gjev ein variert og lærerik arbeidskvardag. Sengeposten har open kontaktfunksjon og solid kompetanse innanfor palliasjon og kreftomsorg. Eininga er ein del av Kirurgisk seksjon - ein aktiv og tverrfagleg arbeidsplass. Arbeidet er organisert i 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Voss Sjukehus
Voss sjukehus eit lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde- og gynekologi. Her møter du ein kvardag prega av høg aktivitet, faglege utfordringar og gode moglegheiter for utvikling. Me har eit arbeidsmiljø kjenneteikna av tett samarbeid, sterk lagånd og stort engasjement. Som ein viktig leverandør av spesialisthelsetenester til 31 000 innbyggjarar, har me ei sentral rolle i regionen. Samstundes samarbeidar me tett med Haukeland universitetssjukehus, noko som sikrar god pasientflyt og fagleg støtte.
Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ingrid Tennebekk Bjørke, Assisterande seksjonsleiar, 97050485, ingrid.tennebekk.bjorke@helse-bergen.no
Gunn Iren Hovda Engvold, Assisterande direktør, +47 41694311, gunn.iren.hovda.engvold@helse-bergen.no
Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5140775376
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.